ÅRSMØTET 2008 – 29. november 2008 – Inderøy

35 deltakere møtte ved Inderøy bygdemuseum like ved Sakshaug gamle kirke, der vi fekk god kaffe og nysteikte vafler. Formannen i Inderøy Museum og historielag, Kjetil Klepp fortalde her om husa på bygdetunet, og kor dei kom ifrå.

Vi flytta så opp til årsmøtestaden, Øynaparken, der resten av møtet og middagen var i det nybygde Vikingetids langhuset. Her fortsatte så Kjetil Klepp med å fortelja om aktiviteten i laget, ein mangfaldig aktivitet som styres av 10 nemnder av ymse slag. Per Saxhaug fortalde om “Mølnmuran”, restar av eit mølleanlegg med tre kverner som vart drive av tidevatnet i Straumen.

Så var det fin musikk i moderne form av to ungdomar, Kristoffer Klepp og Andreas Tønne, “Sommelkoppan”.

Årsmøtesakene:

Årsmelding og rekneskap vart godkjent, med merknader om at laget og årboka no går med underskot.

Val:  Valnemnda hadde ikkje funne nokon ny leder, noko som fører til at laget fortsetter med Lars Tønne som leder.

Styret:
Lars Tønne, attvald
Ellen Lillevestre og Kjell Erik Pettersson var ikkje på val, Åshild Bjørgum Øwre vart attvald for nye to år og Johan L. Fløan ble vald til nytt styremedlem
Varamedlemmer: Osvald Løberg, Agnes Solli og Knut Krogstad.
Revisor: Olaf Vorum

Det vert ei stor utfordring for styret å finne ein ny redaktør for årboka, da Torstein Engum Bruvoll gir seg etter 8 år som redaktør. Han presenterte den nye årboka, og det var høve til å kjøpe den under middagspausen.

Etter ein god porsjon med rotgraut, saltflesk og pølser fortalde Bjørn Roar Krogstad frå planlegging og bygging av Millomriksvegen over Storlien for 50 år sidan. Og etter ein kopp kaffe vart det tid for heimtur.

Takk til Inderøy Museum og historielag for eit fint opplegg for årsmøtet. Og Øynaparken med sin flotte utsikt og heilt spesielle hus var ein flott plass for oss.

Lars P Tønne

2008.004.jpg
2008.007.jpg
2008.008.jpg
2008.009.jpg
2008.010.jpg
2008.011.jpg
Oynaparken_1.jpg
Oynaparken_2.jpg
Oynaparken_3.jpg
Oynaparken_4.jpg
2008.002.jpg
2008.004.jpg