Referat fra Årsmøte 2008 Nord-Trøndelag Historielag

Leiar Lars Tønne ønska velkommen til Øynaparken og årsmøtet 2008

Presentasjonsrunde. Representantar frå historielaga i Stjørdal, Skatval, Meråker, Levanger, Verdal,  Sparbu, Inderøy, Mosvik, Beitstad, Ogndal, Egge, Snåsa og styret i Nord-Trøndelag historielag.

Kjetil Klepp, leiar i Inderøy historielag, orienterte om laget, med bildeserie av laget sine hus og samlingar. Laget har 10 nemnder som arbeider sjølvstendig og har eigen økonomi, slik at hovedlaget ikkje blir knekt økonomisk.

– Kyst- og fiskenemnda har fått opp naust med utstilling av båtar og reiskap, har ansvar for drifta av jekta Pauline.
– Boknemnda gir ut årboka Eynni Idri.
– Film- og lydnemnda samlar og tar opp film og lyd og gir ut kalender før jul kvart år.
– Tekstilnemnda har gjort banebrytande innsamlingsarbeid.
– Bygdeboknemnd står for å gi ut 5 bind, 2 finst alt.
– Mølnmurnemnda har ansvaret for mølnmuren ved Straumen, eit unikt kulturminne i heile Skandinavia.

Per Saxhaug frå Inderøy historielag, orienterte om Mølnmuran på Straumen. Dette er restane etter eit eineståande byggverk som nytta kreftene i tidevasstraumen til å drive eit møllehjul med tre mølleuttak, bygd på 1880-tallet. Drift til 1892.

Musikkinnslag ved duoen Sommelkoppan, Kristoffer Klepp og Andreas Tønne.

Lars Tønne åpna sjølve årsmøtet. Ingen merknader til innkallinga. Lars Tønne vart valgt til møteleiar, Åke Jünge til referent.

1   Årsmelding for 2008

Ingen merknader til årsmeldinga. Godkjent.

2   Rekneskap 2008

Kasserar Kjell Erik Pettersson la fram rekneskapen som kom ut med negativt driftsresultat. Revisor Olaf Vorum anbefalte at rekneskapen vart godkjent. Det vart den.

3   Budsjett for 2009

Kasserar Kjell Erik Pettersson la fram budsjett på 25000 kr for lagsarbeidet og 132500 kr for årboka. Framlagt budsjett vedtatt.

4   Arbeidsplan for 2009

Lars Tønne la fram denne. Godkjent av årsmøtet.

5   Valg

Valgnemnda sin leiar Ola Indgaard la fram innstillinga si.
Ingen var innstilt til å bli ny leiar etter Lars Tønne, som hadde sagt ifrå seg gjenvalg, men nemnda har nok folk til å fylle styret.

Styremedlemmane Ellen Lillevestre og Kjell Erik Pettersson var ikkje på valg. Styremedlem Åke Jünge hadde sagt ifrå seg gjenvalg.

Åshild Bjørgum Øwre, tar gjenvalg som styremedlem, for to nye år.
Johan L. Fløan, Skatval, rykker opp frå vara til fullt styremedlem, for to år.
Osvald Løberg, Snåsa, vara for 1 år.
Agnes Solli, Verdal, vara for 1 år.
Knut Krogstad, Stjørdal, vara for 1 år.
Olav Vorum, Sparbu, gjenvalgt som revisor for 1 år.
Nytt medlem av valgnemnda etter Ola Indgaard: Øystein Walberg, Verdal.

Etter litt att og fram sa Lars Tønne seg villig til å halde fram som leiar eit år. Han vart så valgt einstemmig.

Styret vart valgt i tråd med valgkomiteen sitt forslag, med unntak av at forslaget på Jarle Skjei, Steinkjer, som nytt styremedlem, vart trekt da Lars Tønne sa seg villig til å halde fram som leiar.

Første møtet for det nye styret blir på Verdal bibliotek tirsdag 20. januar 2009.

Årbokredaktør Torstein Engum Bruvoll presenterte Årbok 2008. Han takka for seg etter 8 år som årbokredaktør.

Referent: Åke Jünge