Referat fra årsmøtet i Nord-Trøndelag Historielag 2014

Årsmøtet ble avholdt lørdag 22. november 2014 i Frostasentret, med Frosta historielag som teknisk arrangør.

Før årsmøteforhandlingene starta, orienterte Bjørn Olav Juberg om Frosta og Frosta historielag. Han holdt videre et foredrag om Shetlands-Larsen og hans mannskaps retrettrute over Frosta, etter at den planlagte sabotasjen mot Tirpitz i Åsenfjorden slo feil grunnet teknisk svikt.

Årsmøtet

Sak 1 – Innkalling og sakliste vart einstemt vedteke.

Sak 2 – Til møteleiar vart leder Johan Solheim valt og som skrivar vart Knut Krogstad valt. Begge val var einstemt vedteke.

Sak 3 – Årsmeldinga vart lest/referert av møteleder. Her vart det ei tilføying: Boknemndas arbeid er høgt verdsett, og gjennom åra, heile 89 av dei, har det vore kontinuitet i arbeidet. Årsmeldinga vart godkjent.

Sak 4 – Regnskapet, både for årboka og balanseregnskapet, vart framlagt og kommentert/forklart av kasserer, Kjell Erik Petterson. De sedvanlige spørsmåla omkring kostnader vart ikkje reiste. Det skuldast truleg at forklaring av dei separate delane (laget og årboka) av regnskapet vart grundig handsama. Regnskapet vart godkjent.

Revisorrapporten der revisor anbefaler at regnskapet vert godkjent  vart, opplese og godkjent.

Sak 5 – Budsjett.
Også dette vart lagt fram av kasserer. Årsmøtet tok budsjettet til orientering.

Sak 6 – Årspenger.
Styrets forslag om ingen endring vant einstemmig tilslutning frå årsmøtet.

Sak 7 – Historisk Forum.
Bjørn Roar Krogstad gjorde greie for kvifor ein bør gjenopprette dette forumet, gjennom å gje døme på kven som kan tenkjast å delta og kva arbeidet skal omfatte. Etter innspel frå salen også åpen for namneendring. Styret fekk av årsmøtet fullmakt til å gjenopprette Historisk Forum.

Sak 8 – Arbeidsplan
Her kom det nokre kommentarar/innspel til årbokutgjevinga:
– ta inn artiklar frå ulike årbøker for å fremja salg i alle/fleire regionar.
– bytte av årbøker/årbøker til bibliotek? Korleis praktiserer dei ulike laga dette?
– digitalisering av årbøker i regi av Nasjonal-biblioteket? Ei sak for Historisk Forum?
Arbeidsplanen vart godkjent

Sak 9 – Valg
Alf Olsen, leiar i valnemda , la fram nemndas forslag:

Leder for 1 år : Johan Solheim, gjenvalg
Styremedlem for 2 år: Knut Krogstad, ny
Varamedlem for 1 år: Jon Holmlimo, ny
Revisor: Gjenvalg på Olav Vorum
Valgkomite: Jan Haraldsen, ny

Årsmøtet godkjente einstemmig valnemdas innstilling.

Sak 10 – Presentasjon av årboka 2014 ved bilderedaktør Kjell Erik Petterson.

  • Noe teknisk om rett høgremarg som gjer meir stoff pr. side
  • Sidetall fast antall rund 250 sider kvart år
  • Innhaldet vart kort referert ved å nevna forfattarar, artikkeltema og kort innhaldsresymè. Spesielt eit uvanleg tema:geologi-høge strandlinjer på Leka.

Sak 11 – Avslutning av årsmøteforhandlingene.

Gjenvalgt leder takket for tilliten og for oppmøtet og for gode innspill under handsaminga av særleg sak 7 og 8.

Etter at årsmøtesakene var unnagjorte vart det servert middag, tradisjonell kost: kjøttkaker, potet, brun saus, ertestuing og tyttebær. Framifrå god mat!

Det hele ble avrundet med boksalg og/eller bokbytte.

Til slutt må det sies: Frosta historielag skal ha all mulig ros for et innholdsrikt, interessant og ikke minst trivelig arrangement!