Skatvalssangen

Skatvalssongen

Av Svanhild Salberg

Ei bygd ligg og kviler i vårdag blid,
ein fjord tek ho inn i sin famn.
Eg kjenner og veit det er bygda mi,
og kviskrar så kjært eit namn.
Skatval, for meg vart du heimstad på jord,
du gav meg feste, du synte meg spor
der eg kan kjenne, her høyrer eg til –
Fjorden du gav meg og fjellheimen still

Frå Forbordsfjells varde ein soldag klår
eg fangar inn bildet av deg
mi heimbygd, når du i ein grovarm vår
så løfterik møter meg.
Heimane kransa av grøderik jord,
åkrar og enger som spirer og gror.
Grender som blir til ei bygd, der det bur
folk som på kjærleik til heimbygda trur.

Det susar ein tone med sogeklang
kring Steinvikholms murar ved kveld,
når fjorden tek kveldssola i sitt fang
og gyller ein dag på hell.
Tonar frå fortid dei høyrest så vel,
Auran og Fløan si soge fortel.
Merkte av fedrespor er mang ein veg,
godt å få gå der for deg og for meg.

Mi heimbygd, du jord som eg har så kjær,
hos deg skal eg kvila ein kveld.
Når eg trøytnar av, vil eg sova her
ved foten av Forbordsfjell.
Slekter skal koma å gje deg sitt liv
finne sin livssong i vårdagens giv.
Alltid i kjærleik til bygd og til folk,
trivnad og trygd vert her bolk etter bolk.

Legg igjen en kommentar